Lurer du på kva borna i Førde gjere på i sommar? Dei les bøker, sjølvsagt. Til no har meir enn 250 barn mellom 6 og 13 år meldt seg på lesekonkurransen SommarLes. Det er fantastisk! Og har du ikkje meldt deg på enno, så er det framleis mogleg. Kom innom biblioteket og få eit lesekort, så er du med!
Laurdag 28 august blir det iskremfest og premieutdeling på biblioteket for alle som har lese minst 5 bøker (minimum 200 sider).
NB! Hugs å lever lesekortet innan 18. august. Då vil du samtidig få invitasjon til festen.