buicken_mathias_amund.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 02 nov 20:00 Buicken - toner og poesi i skjønn harmoni 320 FESTSALEN Arrangement Kjøp billett

Buicken - toner og poesi i skjønn harmoni

 

Buicken

 Festsalen, Førdehuset, Torsdag 2. november Kl 20.00. Servering med rettar, dørene opnar 19.30

 

Buicken er toner og poesi i skjønn harmoni, med forfatterane Lars Saabye Christensen og Tom Stalsberg og musikarane Amund Maarud og Mathias Eick... Dette er saker!

 

Buicken er ikkje noko band. Buicken er ingen bruktbil. Buicken kjøyrer med poesi på reservetanken og passe mengder rock, blues, bluegrass, folketonar, improvisasjonar og tre milligram alvor i bagasjerommet. Buicken er tufta på to samlingar med dikt som Saabye-Christensen og Stalsberg, i nært samarbeid med fotograf Lars-Eivind Bones, utga på Aschehoug Forlag i 2010, Men Buicken Står Her Fremdeles og boka Min Buick Er Lastet Med som kom i 2012. Seinhausten 2016 såg vi seinaste utgivelse, ein slags “best of” i samlinga Setliste.

 

Saabye-Christensen og Stalsberg er dei to som står for tekstane, som les tekstane og ellers heng med musikarane som best dei kan. Vi lover ingenting, seier dei, men det vi lover, ja det held vi.

Dur er døden, moll er moro.

 

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 02 nov 20:00 Buicken - toner og poesi i skjønn harmoni 320 FESTSALEN Arrangement Kjøp billett