a4bba237-1423-4467-849e-80101d885941.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
må 02 sep 18:00 Bukkene bruse lager rumpebrann 245/245 STORSALEN Teater Kjøp billett

Bukkene bruse lager rumpebrann

Bukkene Bruse vender tilbake og sett fyr på rumpa til trollet!

 

Bukkene Bruse lurer på kva dei skal gjere i ferien. Dei to minste vil helst til utlandet, men den største mainer det blir altfor dyrt. Han vil heller på setra som dei brukte å gjere før. "Æsj," seier de to minste. "Det treige fjellet." Den største bukken lokkar med trollet og vaflar på setra, og til slutt dreg dei av garde. Men kvar er det blitt av trollet?

 

Ein av Riksteatret sine største suksessar dei seinaste åra er Bukkene Bruse på Badeland  – basert på Bjørn F. Rørvik og Gro Moursunds enormt populære barnebok. No kjem oppfølgaren, basert på andre bok i serien, Bukkene Bruse vender tilbake.

 

Tripp, trapp! Tripp, trapp! Dette blir ei framsyning som alle kan sjå. Og alle – kanskje bortsett frå trollet – har god grunn til å glede seg!

 

Framsyninga passar for barn frå 3 år.

Urpremiere i Nydalen, Oslo 28. februar 2019.
Turnepremiere 6. mars 2019.
På turne våren og høsten 2019.

 

På scena

Janne Starup Bønes, Madeleine Barosen Herholdt, Jørn Morstad, Håkon Thorstensen Nielsen, Marte Stolp og Erlend Rødal Vikhagen.

Team
Regissør: Ivar Emil Tindberg. Scenograf: Gjermund Andresen. Kostymedesigner, Dukkedesigner: Ingrid Nylander. Lyddesigner, Komponist: Peter Baden. Lysdesigner: Martin Myrvold. Produsent: Rebecca Mathisen

 

Framsyningslengde: 45 minutter (ingen pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 28. februar 2019

Produsert av Riksteatret

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
må 02 sep 18:00 Bukkene bruse lager rumpebrann 245/245 STORSALEN Teater Kjøp billett