PR4.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 04 apr 20:00 Christina Dahl Kvartett - Jazzkafè 275 FESTSALEN Konsert Kjøp billett

Christina Dahl Kvartett - Jazzkafè

Christina Dahl er ein av dei mest respekterte saxofonistar i Danmark. Ho er kapellmester og komponerer musikk til små og større ensembler.
Ho har opptrett i eit utal av samanhengar, og kjenneteiknast ved hennas unike soul-fulle lyd og lyriske tolkingar, som sikrar innpass
i publikums hjarter. Ho mestrer evna til å fasthalde intensiteten og nærleiken i musikken. Spelet henna varierer frå det mest intime og underspelande
til det eksplosive.

Nils Bosse Davidsen beherskar både kontrabas, bass og cello og har dei siste 30 åra vore i fremste rekke på den danske musikkscena.
Han er kjend for sitt originalt oppfinnsame og botn solide spel innanfor eit bredt sjangerspenn. Han har i tillegg til å gje ut musikk i eige namn
bl.a. spelt med Dave Liebman, Bunky Green, Han Bennink, Ray Anderson, Django Bates, Mars Williams, Tony Malaby, Evan Parker, Hank Roberts, Sam Yahel,
Gianluca Petrella, Paul Lovens, Marc Ducret, Ikue

Niclas Knudsen er utvilsamt ein av Danmarks beste gitaristar. Han spelar på tvers av sjangrar med ei fantastisk evne for det melodiske og har ein
unik måte at farge og variere sitt eige bidrag og dermed det vanlege uttrykket i musikken. I tillegg til sitt arbeid med eigne prosjekt, Ibrahim Electric osv.,
han har blant anna spelt med Adam Nussbaum, Tom Jones, John Tchicai, Dave Liebman, Ray Anderson, Billy Preston m.fl.

Espen Laub von Lillienskjold på trommer har slått sit namn fast på scena, som ein av dei mest talentfulle musikarane i tida. Hans legendariske tilnærming og
spesielle måte å komplimentere heile musikken bidrar til å skape eit unikt uttrykk. Hans spel er raffinert, dynamisk og alltid topp musikalsk.

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 04 apr 20:00 Christina Dahl Kvartett - Jazzkafè 275 FESTSALEN Konsert Kjøp billett