ClaudiaScott_02_nett.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 14 feb 20:00 Claudia Scott duo 375 FESTSALEN Konsert Kjøp billett

Claudia Scott duo

to 14 feb20:00375

Kjøp billett

Claudia Scott duo

CLAUDIA SCOTT – turné 2019


Claudia Scott har hatt eit fantastisk Jubileumsår, kor ho har markert 25 år som soloartist, og besøkt store delar av landet enten med fullt band, eller duo.
I vinter var ho ein av artistane i det populære programmet «Hver gang Vi Møtes», noko som medverka til at fleire fekk augene opp for denne fantastiske artisten.
Pressa refererar til Scott som ”Rockens Førstedame”, eller ”Norges Americanadronning”. Ho har fått svært gode tilbakemeldingar både for konsertane og album.
Claudia Scott er ein av dei mest tydingsfulle artistane vi har i Norge innanfor genrane rootsrock og country, og har merka seg internasjonalt både som
soloartist, multi-instrumentalist og låtskrivar. Som musikar og låtskrivar får Claudia vist sine mange talentfulle sider. Ho er ein uredd artist som har våga å gå sine eigne
vegar i søken etter ein eigen musikalsk identitet. Ho har ei rekke kritikarroste album bak seg, med no 2 Spellemann-prisar, og ei rekke nominasjonar.
Ho har mottatt tre prestisjetunge låtskrivarprisar i USA, i tillegg til å være ein ettertrakta musikar for ei rekke store artistar.

I fjor ga ho ut ein spesialutgåve i vinyl frå hennas første soloalbum «Flowers & Thorns», og i år slapp ho musikkvideo av singelen
« A picture of my Dad and I» frå det siste albumet «Let The Ribbons Fly».
Claudia Scott ligg ikkje på latsida, og i haust jobbar ho igjen med nye låtar som vil presenterast for publikum på turné vinteren 2019.
Det er på vegen Claudia Scott trivast best, og etter å ha slitt landevegen med bl.a. Danske Poul Krebs og vår eigen Henning Kvitnes,
har ho dei siste åra fokusert på solokarriere
Med seg på scena til Førde:
Olav Torgeir Kopsland: vokal, gitarer, steel-gitar

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 14 feb 20:00 Claudia Scott duo 375 FESTSALEN Konsert Kjøp billett

Claudia Scott duo

to 14 feb20:00375

Kjøp billett