_TE25704081nettside.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 27 sep 20:00 Ein kveld med Tore Renberg 275 FESTSALEN Konsert Kjøp billett

Ein kveld med Tore Renberg

 

Hausten 2018 gjestar Tore Renberg Førdehuset. Han kjem med ein spanande krysning av konsert, litteraturkveld og standup.

 

Renberg debuterte i 1995 og fikk sitt store gjennombrot i 2003 med oppvekstromanen «Mannen som elsket Yngve», den første av fleire bestselgande og kritikarroste bøker om Jarle Klepp. Etter Klepp-bøkene ga Renberg seg i kast med dei viltre Teksas-romanane, «Vi ses i morgen», «Angrep fra alle kanter» og «Skada gods.»

 

Multitalentet Renberg er både forfattar, dramatikar, sceneinstruktør og ein erfaren musikar. Han trakterer fleire instrument og har spelt i mangfaldige band. I 2016 slapp han sitt første solo-album, «Ingen nåde», som inneheldt hiten «Margaret», og i 2017 kom oppfølgjaralbumet «Ein dag te».

 

Denne kvelden kjem Stavangermannen til Førdehuset med heile sitt kunstnariske virke. Han er kjend for sin spontanitet og nærleik til publikum, og byr raust på seg sjølv under disse morosame  og særeigne stundene. Vi får møte forteljaren, songaren og scenekunstnaren. Med seg på laget har han - foruten sitt fiksjonelle univers - gitaristen Alexander Flotve.

 

Tore Renberg blei født i 1972. Han bur i Stavanger saman med kona og 5 barn.

 

Servering med rettar. Dørene opnar kl. 19.30

 

 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 27 sep 20:00 Ein kveld med Tore Renberg 275 FESTSALEN Konsert Kjøp billett