1000x500_kulturhus_engelen.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 07 sep 19:00 Engelen frå Kobane 355 TEATERSALEN Teater Kjøp billett

Engelen frå Kobane

lau 07 sep19:00355

Kjøp billett

Engelen frå Kobane

ENGELEN FRÅ KOBANE
Av Henry Naylor

Engasjerande og hyperaktuelt om kor sårbart det er å vere ei ung kvinne i den pågåande konflikten i Syria. 

I 2014 dukka det opp bilde av ei ung, militærkledd, kurdisk jente i sosiale medium. Ho heitte Rehana og var jusstudent. Bildeteksten fortalde at jenta skulle ha drepe over 100 IS-soldatar i dei harde kampane som den kurdiske motstandsbevegelsen (YPG) utkjempa i grensebyen Kobane. Bilde av Rehana vart delte fleire tusen gonger, og ho fekk tilnamnet «Angel of Kobane».

Historia om Rehana er ei fiksjonsforteljing, basert på ein myte. Men alt har skjedd – og skjer framleis i verda i dag. Rehana vert stilt overfor umenneskelege val i krigen som har skapt vår tids største humanitære tragedie, der halve befolkninga er driven på flukt.

«Engelen frå Kobane» er skrive av den britiske dramatikaren Henry Naylor og er siste del av hans trilogi om konfliktane i Midt-Austen. Stykket har vunne fleire prisar og fått strålande kritikkar.

Samproduksjon mellom Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater.

Terningkast 5 i BT og BA
Bergens Tidende: Madalena Sousa Helly-Hansen levendegjør «Engelen frå Kobane»  på et svært menneskelig vis»
Bergensavisen: «Sterkt bilde av en enslig krigssjebne»
Dag og Tid: «Rått og sterkt»  «Intenst og nærgåande om krigsgalskap»

Med: Madalena Sousa Helly-Hansen
Original tittel: «Angel»
Av: Henry Naylor
Omsetjing: Elise Risnes Eikevik
Regi: Miriam Prestøy Lie
Lys: Jon Eirik Sira
Foto: Thor Brødreskift
Fotomontasje: Heidi Fjell
Teaterforlaget Nordiska ApS

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 07 sep 19:00 Engelen frå Kobane 355 TEATERSALEN Teater Kjøp billett

Engelen frå Kobane

lau 07 sep19:00355

Kjøp billett