Eventyrrommet

Denne våren møter vi blant andre Wilhelm Støylen på Eventyrrommet når det er familielaurdag.

Laurdag 10. februar får vi høyre om "Bymusikantane frå Bremen" av Grimm-brørne i Eventyrrommet. Fire gamle dyr er på flukt. Når dei møter kvarandre finn dei nytt håp og venskap. Planen er å gå til Bremen for å freiste lukka som bymusikantar. Men vegen er lang og dyra vert svoltne. Så oppdagar hanen noko spanande...

Høver for born 3-8 år.

 

 

 

NB! Det vert ikkje billettsal på familielaurdag, men du betaler 50 kr per person i resepsjonen på Førdehuset for å delta på alle aktivitetane denne laurdagen. 
 
 

Våren 2018 på Eventyrrommet: 
Familielaurdag på Førdehsuet:
20. januar
10. februar
10. mars
28. april

Hausten 2018 på Eventyrrommet:
15. september - Nynorsk barnebokfest
17. november - Bornas verdsdagar Førde
15. desember - Jul i Førdehuset

*Med atterhald om endringar


Meir informasjon om Eventyrrommet finn de her: http://www.softeater.no/eventyrrommet/