2016 Eventyrrommet FB.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 19 aug 12:30 Eventyrrommet - Eventyr frå Asbjørnsen og Moe 50/50 Eventyrrommet Teater Kjøp billett
lau 26 aug 12:30 Eventyrrommet - Eventyr frå Asbjørnsen og Moe 50/50 Eventyrrommet Teater Kjøp billett

Eventyrrommet - Eventyr frå Asbjørnsen og Moe

Sogn og Fjordane Teater presenterer eventyr frå Asbjørnsen og Moe.

 

Alle treng å møte Askeladden.
Som er minst, kjem sist og er litt utanfor.
Men som er modig, oppfinnsam og snill!
Og veldig morosam.
Alle treng å møte han.

 

Ungane i teatersalen sit med føtene oppe i stolen og gøymer hovuda bak knea. Trollet kjempar ein håplaus kamp mot all grauten, men det er eit digert, rasande troll! Korleis skal det gå med Askeladden nede i trollhola? På scena sit Idun Losnegård på ein pinnestol. Det er alt vi ser. Men i fantasien ser vi alt: Gullet og sølvet, den store gryta med graut, sekken med hol i - og kniven! No tek trollet tak i kniven og skjær eit digert hol i magen så grauten tyt ut over golvet. Ungane ler letta og kikar opp bak knea sine. Heldigvis! Der ligg trollet stein daudt på golvet. Askeladden får med seg heile skatten heim. Visst er det skummelt! Grøss og gru, så skremde vi blir. Men i trygge rammer og i eit frydefullt fellesskap med andre born, i forvissing om at det ikkje er på ekte. Det er berre eventyr. Og så er det frykteleg moro! Og det endar godt. Så lærer vi oss å tru og håpe at det vil vere slik for oss også, i det verkelege eventyret. Livet vårt som ventar.

 

Det er stor forteljekunst skodespelarane på Sogn og Fjordane teater har lært seg å meistre gjennom arbeidet med folkeeventyra. Vi treng eventyra som støtte til våre eigne livsforteljingar og for å delta i den store felles forteljinga kulturarven vår er. Slike opplevingar gjev borna eit grunnlag for å utvikle identitet og kulturell tilknyting.

 

Velkommen til ei koseleg eventyrstund på Eventyrrommet med skodespelarar Idun Losnegård og Reidun Melvær Berge, som fortel eventyra om "Askeladden som kappåt med trollet" og "Dei tre mostrene".

 

Varighet: Ca. 40 min
Passar for born i alder 4-8 år.

Billettpris kr 50,-

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 19 aug 12:30 Eventyrrommet - Eventyr frå Asbjørnsen og Moe 50/50 Eventyrrommet Teater Kjøp billett
lau 26 aug 12:30 Eventyrrommet - Eventyr frå Asbjørnsen og Moe 50/50 Eventyrrommet Teater Kjøp billett