2016 Eventyrrommet FB.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 21 okt 13:00 Eventyrrommet - Nordavinden 50/50 Eventyrrommet Teater Kjøp billett
lau 21 okt 15:00 Eventyrrommet - Nordavinden 50/50 Eventyrrommet Teater Kjøp billett

Eventyrrommet - Nordavinden


Kom alle saman, bli med til eventyrland!
Mange undersøkingar peikar på at eventyret har viktige funksjonar i barnet si utvikling og læring: Ordforrådet skil seg frå daglegtalen, ein møter nye ord ein spanande samanheng. Dei faste strukturane i eventyret vil barnet kjenne igjen, lære seg og ta i bruk i sine eigne forteljingar. Eventyret er også ei øving i å følgje ein tekst av ei viss lengde og skape bilder og meining ut frå språket. Psykologen Bruno Bettelheim (1903-1990) hevda at barn si evne til empati vert utvikla gjennom å identifisere seg med eventyrheltene, fordi slike møter dannar mønster for innleving og mot.

 

Visst kan det vere skummelt! Grøss og gru, så skremde vi blir. Men i trygge rammer og i eit frydefullt fellesskap med dei andre i barnehagen, i forvissing om at det ikkje er på ekte. Det er berre eventyr.
Men det er stor forteljekunst skodespelarane på Sogn og Fjordane teater har lært seg å meistre gjennom arbeidet med folkeeventyra. Vi treng eventyra som støtte til våre eigne livsforteljingar og for å delta i den store felles forteljinga kulturarven vår er. Slike opplevingar gjev borna eit grunnlag for å utvikle identitet og kulturell tilknyting. Og så er det frykteleg moro! Og det endar godt. Så lærer vi oss å tru og håpe at det vil vere slik for oss også, i det verkelege eventyret. Livet vårt som ventar.

 

Denne gongen skal skodespelaren Kyrre Eikås Ottersen presenterer eventyret om Nordavinden frå Asbjørnsen og Moe på Eventyrrommet i Førdehuset.

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 21 okt 13:00 Eventyrrommet - Nordavinden 50/50 Eventyrrommet Teater Kjøp billett
lau 21 okt 15:00 Eventyrrommet - Nordavinden 50/50 Eventyrrommet Teater Kjøp billett