Familielaurdag i Førdehuset

Laurdag 20. januar blir det morro for heile familien i Førdehuset. Det vert aktivitetar for store og små!
Deltakaravgift er 50,- og du kan då delta på fleire aktivitetar. 

AKTIVITETAR: 

kl. 11.30 - Eventyr v/ Wilhelm Støyle, Eventyrrommet SoFt
kl. 12.00 - Lesestund v Olaug Haugen på Førde Bibliotek
kl. 12.00 - Bingo! I Utstillingssalen
kl. 13.00 - Eventyr v/ Wilhelm Støyle, Eventyrrommet SoFt
kl. 13.00 - Bingo! I Utstillingssalen
kl. 13.30 - Lesestund v Olaug Haugen på Førde Bibliotek
kl. 13.30 - Det Greatest Showman, Kino Førde, Lisjesalen*
kl. 13.45 - Hels på kinomaskoten Poppe! 
kl. 14.00 - Bingo! I Utstillingssalen
kl. 14.00 - Det elleville Nøttekuppet 2, Kino Førde, Storsalen*

Heile dagen: (kl. 11.30 - 14.30)
- Teikning med premiering (trekking) på Førde bibliotek
- Krokket i Festsalen
- Curling i Festsalen
- Vintersport på storskjerm i Festsalen
- Spikking (biblioteket)
- Måling på staffeli ( 2. et. Atelier) 
- Familiebading
- Perling (2. et. utanfor Eventyrrommet)

*(Deltakaravgifta gjeld ikkje på kino, barn 90,- og 100,- for vaksne)
Det blir begrensa plassar på nokon av aktivitetane så du må rekne med litt ventetid. Påmelding i resepsjonen når du kjem. Då får du utdelt eit "smykke" for den stasjonen du vil på. Når du er ferdig, går du til resepsjonen for å bytte aktivitet og få nytt "smykke". "Smykket" fungerer som billett for dei ulike aktivitetane. 

Sunnfjord Cafe og Catering tilbyr graut og saft for 45,- (påfyll 10,-) så laurdagsgrauten kan du og få hos oss denne dagen!

Velkommen til ein knallkjekk laurdag i Førdehuset :)