Førdefestivalen 2017

Klangen av Norden og lyden av verda på Førdefestivalen 2017


Forboden musikk frå Kapp Verde på toppen av Hafstadfjellet, 706 m o h; ørkenblues frå Mali på elvebreidda ved Jølstra; samba frå Brasil i ein låve oppunder fjellet, nyskapt ‘arkivmusikk’ midt i ei kunstutstilling; sylskarpe bulgarske kvinnestemmer i kyrkjerommet; tango direkte frå Buenos Aires, moderne samisk joik og videokunst i intim teatersal og ei storstila satsing på nordisk folkemusikk er noko av det publikum får oppleve på den 28. Førdefestivalen, 5.-9. juli i år. Temaet for Førdefestivalen er Klangen av Norden, men festivalen er også Lyden av verda!


Nordic Sound Folk Orchestra; 40 musikarar, 8 solistar og 4 komponistar utgjer orkesteret som står for den offisielle opningskonserten torsdag 6. juli i Førdehuset. Orkestergeneral er Karl Johan Ankarblom.

 

 

Ti år etter suksessen med TAUS, tek Sigrid Moldestad med seg sine beste musikarvener, og framfører oppfølgjaren: Samuline – frå fele flyg din song.

 

 

Du bør vere der når kongane av ørkenblues, Tinariwen, spelar i parken på festplassen, laurdag 8. juli! 

 

Sjekk ut program og artistar på fordefestival.no
Billettar til konsertar og kurs: TicketCo.no