0cff1bb3-0270-44a8-b9f5-080d0da2046a.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 23 mar 18:00 Fuglane 415 STORSALEN Teater Kjøp billett

Fuglane

lau 23 mar18:00415

Kjøp billett

Fuglane

FUGLANE PRODUSENT: EMNET KEBREAB
AV TARJEI VESAAS. DRAMATISERT AV LASSE KOLSRUD.

 

Omtale
Den som har møtt Mattis gløymer han ikkje. No skal ein ny generasjon får møte han.

Historia om Mattis har betatt stadig nye generasjonar sidan Vesaas sin roman først kom. Han er så lett å bli glad i – Tusten, som han kallast i bygda.
Vi dreg kjensel på han, både hos andre og i oss sjølv. Og likevel er det nettopp det at han er så annleis, så heilt seg sjølv, som gjer at han rører oss så sterkt
– uansett kvar vi sjølv er i livet.

Mattis og storesøstera Hege bur alene og i svært enkle kår. Ho strikkar for å skaffe til livets opphald, men når Mattis tar seg ein jobb, går arbeidet gjerne i stå for han. Han lever mest i si eiga verd. Ein dag oppdagar han rugda som trekk over hustaket. Han kjem til å tenke på seg sjølv som ein slik underleg fugl,
og tolkar dette som eit tegn på at noko skal skje. Ikkje lenge etter slår lynet ned i eit av dei høge trea utanfor huset. Dét ser han òg som eit varsel – dei tretoppane har han kalt for Mattis-og-Hege. Og når tømmerhoggaren Jørgen dukkar opp, og får husrom hos dei, og Hege og Jørgen etterkvart blir kjærestar, føler Mattis at heile livet hans er blitt forandra. Kva skal han gjere? Mattis kan ikkje tåle eit liv utan Hege.

Fuglane er dramatisert og filmatisert ein rekke gonger, både i Norge og utlandet. Denne gongen presenterer vi Vesaas’ mesterverk i ein heilt ny versjon.
Den er laga av Lasse Kolsrud, som også har regien. Han har dei seinaste åra hatt ansvaret for eit heilt knippe av suksessar på Riksteatret, frå Bikubesong og Førstereis til Kan nokon gripe inn. Han vil gi historia sin unike blanding av robust forteljarglede og sorgmuntert alvor.

Riksteatret skal fortelje historiar som foreiner eit publikum over heile landet – historiar som gir oss tilhøyring til kulturen vi lever i, som gjer vår felles livsoppleving gjenkjenneleg og levande og nærværande. Og viktig.

I norsk etterkrigslitteratur er Tarjei Vesaas’ roman Fuglane eit slikt felleseige.

 

Premiere i Oslo, Nydalen 17. januar 2019.
Turnepremiere i Seljord 21. januar 2019.

På scena

Lars Helge Throndsen, Ida Ursin-Holm, Tom Styve, Mads H. Jørgensen, Tore B Granås, Ingvild Holthe Bygdnes og Ane Ulimoen Øverli.

Team
Regissør: Lasse Kolsrud. Scenograf: Milja Salovaara. Lysdesigner: Martin Myrvold. Komponist: Kjetil Schjander Luhr. Koreograf: Belinda Braza. Produsent: Emnet Kebreab

Framsyningslengde: Ikkje fastsatt

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Turneteatret i Trøndelag

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 23 mar 18:00 Fuglane 415 STORSALEN Teater Kjøp billett

Fuglane

lau 23 mar18:00415

Kjøp billett