2017 Fugletribunalet web (høgde)2.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 01 sep 19:00 Fugletribunalet 320 TEATERSALEN Teater Kjøp billett
lau 02 sep 18:00 Fugletribunalet 320 TEATERSALEN Teater Kjøp billett

Fugletribunalet

fr 01 sep19:00320

Kjøp billett

Fugletribunalet

lau 02 sep18:00320

Kjøp billett

Fugletribunalet

Teatersalen fredag 1. September kl. 19:00 - PREMIERE 

Teatersalen laurdag 2. September kl. 18:00


I Fugletribunalet treff vi Allis. Hendingar i livet hennar har gjort henne sky og sjølvstraffande. Ho er på flukt frå sitt eige liv. I ein avsides vestlandsfjord finn ho eit nytt tilvære med den mystiske Sigurd Bagge. Akkurat som ho, ber Bagge også på ei hending han sonar. Som Bagge sin hushjelp, deler ho hans heim og eit taust felleskap. Etterkvart som tida går, vert to ting meir og meir påtrengande. Det eine er at Bagge skjuler ein stor løyndom. Det andre er at dragninga mot han setter djupare og djupare spor i henne. Fugletribunalet er ei thrillerprega og lada forteljing om skuld og utfriing.
Etter ein sterk debut med "Veke 53", sette forfattar Agnes Ravatn seg tydeleg på kartet som ei ny stemme i den vestnorske litteraturen. I sine tekstar går ho tett inn på dei menneskelege vegskilja, og korleis samspel med andre også er sterkt betinga av eige sjølvbilete og livssituasjon. Ho evner å etablere eit blikk som både går ut i samfunn og relasjonar, men samstundes er sterkt forankra i hovudpersonen sin sjølvrefleksjon. Her treff ho noko grunnleggande menneskeleg – og kanskje er det noko av forklaringa på Ravatn si store popularitet. Mange kan kjenne seg igjen i karakterane hennar.

 

Av: Agnes Ravatn
Dramatisert av: Ingrid Weme Nilsen
Regi: Trond Lie
Scenografi/ kostyme: Kari Gravklev
Lysdesign: Krystian Myska
Medverkande:
Anne E. Kokkinn
Anne Guri Tvedt
Atle Hoff
Kyrre Eikås Ottersen
Stephanie Mowinckel

Framsyninga varar ca 1,5t.

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 01 sep 19:00 Fugletribunalet 320 TEATERSALEN Teater Kjøp billett
lau 02 sep 18:00 Fugletribunalet 320 TEATERSALEN Teater Kjøp billett

Fugletribunalet

fr 01 sep19:00320

Kjøp billett

Fugletribunalet

lau 02 sep18:00320

Kjøp billett