Fysikarane_500x750.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 02 feb 19:00 Fysikarane 125/325 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 03 feb 19:00 Fysikarane 125/325 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 17 feb 18:00 Fysikarane 125/325 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett

Fysikarane

fr 02 feb19:00125/325

Kjøp billett

Fysikarane

lau 03 feb19:00125/325

Kjøp billett

Fysikarane

lau 17 feb18:00125/325

Kjøp billett

Fysikarane

  1. Tenk deg ei oppfinning som kan utslette alt livet på jorda, og så tenk deg at denne oppfinninga hamnar i hendene på den galnaste av dei alle. Heilt fjernt frå dagens verkelegheit er det kanskje ikkje...?

    Fysikarne av Friedrich Dürrenmatt er ein svart komedie, skriven i 1962, under den kalde krigen. Tre fysikarar er innestengde på lukka avdeling. Den eine trur han er Einstein, den andre trur han er Newton og den tredje er overtydd om at Kong Salomon openberrar seg for han. Nei, feil! Galskapen er berre eit skalkeskjul.

    Den eine fysikaren vil beskytte verda mot si eiga oppfinning og latar som om han er djupt forstyrra. Dei to andre er spionar på oppdrag for verdsmaktene, og også dei må late som om dei er utilreknelege for å få eigarskap til ei oppfinning som vil gi uendeleg makt og verdsherredømme. På scena er det totalt kaos. 5 skodespelarar går inn og ut av 12 ulike karakterar. Dei stel replikkar frå kvarandre og skiftar kostyme framfor alle. Det som utspeler seg er det glade vanvit.  

    Når du tar steget inn mellom dei institusjonsgrøne veggane i blackboxen, kan alt skje. Du skal ikkje føle deg for trygg. Kor tid startar teaterstykket? Når første replikk fell, eller når du stig over terskelen? Og kor stoppar det? På scenekanten? Eller er du i ferd med å bli innlagt? Eller er du ein del av kulissane?

    Publikum blir utstyrt med øyreklokker som dei skal ha på under heile framsyninga. Det gjer dette til ei heilt annleis teateroppleving. Ei ulande blålyslampe, knirkande dører og utilrekneleg babling - alle lydane kryp gjennom kablar og rett inn på øyret ditt og lukkar deg inne i ditt eige, private galehus.

     

    AV Friedrich Dürrenmatt
    OMSETJING Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen og Reidun Melvær Berge
    REGI OG VISUELT UTTRYKK Bodil Kvamme
    LYSDESIGN Krystian Myska
    LYD Robert Tomkiewicz
    Teaterforlaget Folmer Hansen

     

     

    Medverkande:

    Idun Losnegård

    Kyrre Eikås Ottersen

    Reidun Melvær Berge

    Lasse Lindberg

    Thomas Bipin Olsen

     

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 02 feb 19:00 Fysikarane 125/325 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 03 feb 19:00 Fysikarane 125/325 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 17 feb 18:00 Fysikarane 125/325 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett

Fysikarane

fr 02 feb19:00125/325

Kjøp billett

Fysikarane

lau 03 feb19:00125/325

Kjøp billett

Fysikarane

lau 17 feb18:00125/325

Kjøp billett