42501492_914477075411564_8953943193573916672_n.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 19 okt 19:30 Haarkloufestival 2018 200 Haukedalen kyrkje Konsert Kjøp billett
lau 20 okt 17:00 Haarkloufestival 2018 200 FESTSALEN Konsert Kjøp billett

Haarkloufestival 2018

Haarkloufestival 2018

Johannes Haarklou er Haukedalen, Førde kommune og Sogn og Fjordane sin store komponist gjennom tidene. Han levde samtidig som Grieg og var svært aktiv i musikklivet i hovudstaden. I tillegg
gjennomførte han fleire turnéar, der han reiste rundt heile Noreg og heldt konsertar i dei minste avkrokar for å få klassisk musikk ut til bygdefolket. Han arrangerte også gratiskonsertar i hovudstaden og i
Bergen for folk som ikkje kunne betale for seg. Vi minnast Johannes Haarklou med 3 konsertar i Haarkloufestival 2018:

 Haukedalen kyrkje 19. oktober kl 19.30

Festsalen, Førdehuset 20. oktober kl 17.00

Eid kyrkje, Nordfjordeid 21. oktober kl 18.00

 

Konsert i Haukedalen kyrkje fredag 19. oktober kl 19.30

Vi opnar årets Haarkloufestival med minikonsert og kåseri i komponisten si eiga heimbygd. 

Programmet vil innehalde eit kåseri av sambygdingen Nils Gjerland, i tillegg til eit lite utval av Johannes Haarklou sin musikk. Ein vil m.a få høyre songar med tekstar av Bjørnstjerne Bjørnson, framførte av sopranen Nora Oleanne Sårheim og pianisten Andreas Løken Taklo. Andreas kjem òg til å spele eit utval av Haarklou sine klaverstykker. Kantor Asbjørn Flåm presenterer litt av orgelmusikken. Ein kan òg vente seg noko godt å bite i.

Johannes Haarklou er Haukedalen, Førde kommune og Sogn og Fjordane sin store komponist gjennom tidene. Han levde samtidig som Grieg og var svært aktiv i musikklivet i hovudstaden. I tillegg
hadde han fleire turnéar, der han reiste rundt heile Noreg og heldt konsertar i dei minste avkrokar for å få klassisk musikk ut til bygdefolket. Han arrangerte også gratiskonsertar i hovudstaden og i
Bergen for folk som ikkje kunne betale for seg.

 

Konsert i Festsalen, Førdehuset laurdag 20. oktober kl 17.00

Vi inviterer til konsert i Festsalen i Førdehuset. På denne konserten blir det framført eit variert program med kormusikk og kammermusikk av Johannes Haarklou, Johannes Brahms og Andreas Haarklou.

Førde kammerkor kjem til å framføre korsatsar av Johannes Haarklou, med tekstar av Hamsun, Reynolds og Vinje. I tillegg vil dei framføre eit utval frå Johannes Brahms sine "Liebeslieder Walzer". Haarklou er tydeleg inspirert av Brahms, men ein vil òg høyre stor skilnad mellom namnebrørne. Kammerkoret vert dirigert av Asbjørn Flåm og distriktsmusikar og pianist Jon Kristian Bye står for tonefølgje.

Sopranen Nora Oleanne Sårheim og pianisten Andreas Løken Taklo held fram med vokalmusikken til Johannes Haarklou, og dei framfører romanser med tekstar av Bjørnson og Welhaven m.fl.

Johannes Haarklou skreiv romanser for fiolin og klaver i tillegg. Det gjorde sonen hans òg. Andreas Haarklou var pianist og komponist, og romansene til desse to generasjonane Haarklou vert framførte av fiolinisten Miriam Bergset og pianisten Andreas Løken Taklo.

I tillegg vil ein få høyre dei to pianistane Andreas Løken Taklo og Jon Kristian Bye framføre Preludium og fuge for 4-hendig klaver av Johannes Haarklou.


 

NB!

Haarkloufestival 2018 inneheld 3 konsertar:

Haukedalen kyrkje 19. oktober kl 19.30

Festsalen, Førdehuset 20. oktober kl 17.00

Eid kyrkje, Nordfjordeid 21. oktober kl 18.00

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 19 okt 19:30 Haarkloufestival 2018 200 Haukedalen kyrkje Konsert Kjøp billett
lau 20 okt 17:00 Haarkloufestival 2018 200 FESTSALEN Konsert Kjøp billett