DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 08 nov 18:00 Jostedalsrypa - ein popmusikal 355 TEATERSALEN Teater Kjøp billett

Jostedalsrypa - ein popmusikal

JOSTEDALSRYPA – EIN POPMUSIKAL
Av Maria Tryti Vennerød
Jostedalsrypa er Norges svar på Jungelboka, med ei tøff jente i spissen.
I Sogn og Fjordane er vi godt kjende med segna om Jostedalsrypa. Jenta overlever Svartedauden som tar livet av meir enn annankvar nordmann midt på 1300-talet. Heilt åleine må ho klare seg gjennom vinteren, og innan ho blir funnen neste vår, er ho blitt skjerr som eit vilt dyr. Korleis overlever ho? Og kvar tar ho motet ifrå?
Familiemusikalen er inspirert av segna, men tar oss med vidare inn i ei eventyrleg og magisk musikalsk verd. Den heltemodige jenta, Rypa, ber forteljinga på dei spinkle skuldrene sine, og det heile er pakka inn i melodiøse poplåtar som publikum garantert kjem til å nynne på når det går ut døra. Bak står to av dei ypparste samtidskunstnarane vi har: dramatikar Maria Tryti Vennerød og komponist Julian Skar. Torkil Sandsund har regien og set sin umiskjennelege signatur på framsyninga.
Musikalen handlar om korleis ei jente finn motet og kreftene til å overleve utan andre menneske gjennom ein lang og kald vinter. I den mørkaste timen, når ho trur at ho er heilt åleine, viser det seg at ho har vener som ho ikkje visste om.
Med: Reidun Melvær Berge, Kyrre Eikås Ottersen, Idun Losnegård, Oda Kirkebø Nyfløtt m.fl.

Av: Maria Tryti Vennerød
Komponist: Julian Skar
Regissør: Torkil Sandsund
Kostymedesignar og scenograf: Dordi Strøm
Lysdesignar: Krystian Myska
Foto: David Zadig

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 08 nov 18:00 Jostedalsrypa - ein popmusikal 355 TEATERSALEN Teater Kjøp billett