JUKEBOX Kvadrat.jpg

Jukebox – ein ønskekonsert med Rune Larsen, Tor Endresen & Katrine Moholt

Kva for ei gladlåt vil DU høyre i april i vår?

Rune Larsen, Tor Endresen og Katrine Moholt på norgesturné!

 

I snart 30 år har Rune Larsen og Tor Endresen vore nærast definisjonen på musikkglede, allsang og gode pop-låtar frå dei siste seks tiåra. Dei starta opp i 1989 med Lollipop, ein av tidenes største TV-suksessar. Fleire hundretusen satt klistra foran skjermane kvar helg og sang med når Larsen og Endresen drog den eine pop-perla etter den andre opp frå skattekista. Topp band, populære gjesteartistar, brylkrem, strålande fremføringar av kjende og kjære låtar - og ikkje minst – Larsen sine paljettstrødde dressjakker, var oppskrifta på suksess på både TV og etterkvart plater og turnear. Etter Lollipop fulgte nye TV-program som Scala og Casablanca, begge med suksessduoen Larsen og Endresen i forsetet. Rune Larsen fortsatte også etter dette med populære musikkprogram som Larsen Spesial, Noteknekk og Absolutt Norsk

 

Sida starten har Rune og Tor heile tida fortsatt sitt musikalske samarbeid, både på scenen og TV, og dei siste åra har dei årleg fylt konsertsalar rundt omkring i landet med sine show. 2018 blir ikkje mindre begivenhetsrikt, tvert imot. Året starter med at vi får møte Tor Endresen i storform på TV2 sitt program «Hver Gang Vi Møtes.» Deretter tar han med seg Larsen på ein rimeleg lang konsertrunde som besøker fleire stader i landet.

Og ikkje nok med det! Med seg denne gong har dei fått med seg sjølvaste Katrine Moholt. Skal vi driste oss å kalle ho heile Norges store allsangdronning? I over 10 år har Katrine leda allsangen på Fredriksten Festning i Halden - eit av TV2 sine aller mest populære sommarprogram - der vi har fått høyre stjerner frå inn- og utland fremføre sine aller mest kjende og kjære hits. Endeleg kjem anledninga til å møte Katrine på ei scene nær deg!

 

Med konserten Jukebox, der dei har med seg eit eineståande band, og Katrine Moholt som eminent gjest, inviterer Rune og Tor publikum til å være med på å velge ut delar av setlista. Dei har plukka ut sine favorittlåtar frå dei glade 50-, 60-, og 70-åra; det einaste som gjenstår no er at publikum stemmer på sine favoritter.

Velkommen på konsert!