Førde Kyrkje vinter.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 09 des 18:00 Juleoratoriet av J.S Bach 120/395 Førde kyrkje Konsert Kjøp billett

Juleoratoriet av J.S Bach

lau 09 des18:00120/395

Kjøp billett

Juleoratoriet av J.S Bach

Juleoratoriet av JS Bach

- Julebodskapen i ord og tonar

 

Førde kammerkor og Sogndal Songlag med solistar og orkester framfører Juleoratoriet av Johann Sebastian Bach i Førde kyrkje laurdag 9. desember og i Stedje kyrkje søndag 10. desember. Dirigent er Asbjørn Flåm.
Førde kammerkor og Songdal Songlag har samarbeidd ved fleire høve, no sist på Requiem av Mozart i Stedje kyrkje i slutten av august. No gler vi oss til å øve inn musikken til eit av historias største musikkgeni. Bach komponerte Juleoratoriet til julefeiringa i Leipzig i 1734. Verket er sett saman av seks kantatar som er skrive til kvar sin heilagdag i jula og heile verket varer i godt over to timar, Det vanlege er difor å framføre dei tre første kantatane, det gjer også vi. Konserten varer i om lag 1,5 time.
Vi ser fram til å presentere "vår eigen" Eivind Kandal som tenorsolist og forteljar. Eivind kjem, som namnet seier, frå bygda Kandal i Gloppen. Han avslutta utdanninga si ved Operaakademiet i København våren 2017, og er no tilsett som solistpraktikant ved Den norske Opera og Ballett. I oktober skal Kandal ha ei solistrolle i Opera Nordfjord si jubileumsframsyning "Sildagapet".
Øvrige solistar: Synnøve Nordvik (sopran), Christine Marøy (mezzosopran) og Bjørn Gisle Seter (baryton).

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 09 des 18:00 Juleoratoriet av J.S Bach 120/395 Førde kyrkje Konsert Kjøp billett

Juleoratoriet av J.S Bach

lau 09 des18:00120/395

Kjøp billett