Karius-og-Baktus-RT-02530.JPEG
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 24 nov 18:00 Karius og Baktus 245/245 STORSALEN Teater Kjøp billett

Karius og Baktus

lau 24 nov18:00245/245

Kjøp billett

Karius og Baktus

Ikkje gjer som mora di seier! :) Gjer deg klar for besøk av to energiske små karar som tar innersvingen på både liten og stor.

Riksteatret viser den ”originale” Karius og Baktus - tru mot Thorbjørn Egner si historie og garantert godt barneteater. Thorbjørn Egner sin barneklassikar er ein del av vår moderne kulturarv, og historia om dei to rampete tanntrolla lever i beste velgåande. Forteljinga dukka opp i 1946, til fryd for mange, og til skrekk og åtvaring for dei som slurva med tannpussen.

Skremselspropaganda eller ei, Karius og Baktus har i over 70 år vist at den har livets rett, ikkje minst takka vere Thorbjørn Egner sine rike bokillustrasjonar, NRK-høyrespel og velkjente dukkefilm.

"En forestilling hvor alle de yngste får gjenkjennelsen, og vi voksne underholdes" VG (terningkast 5)

Gap opp! :) 

På scena: Christine Stoesen, Linda Tørklep og Jan Huse. Regissør: Arne Lindtner Næss. Scenograf: Einar Dahl. Dukkedesigner: Christine Stoesen. Komponist: Christian Hartmann. Produsent: Emnet Kebreab. Produsert av Riksteatret. Forlag: Songbird

 

Billettprisar:

Ordinær 245 kr (barn, vaksen, pensjonist, student)

Samarbeidspartnarar 200 kr. Må oppgje kode frå Bokklubben, Utdanningsforbundet, ARK, Teatervenner Norge, DNB-tilsette. Maks 4 bill. 

Familiepris (grupperabatt for 4 eller fleire) 200 kr

 

Coop-medlem 195 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill. 

BOB-medlemmer 195 kr. Maks 4 bill.

 

For bedrifter: Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt mai.kristin.tidemansen@forde.kommune.no



Framsyninga passar for barn frå 3 år og varer i om lag 35 minutt (ingen pause).

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 24 nov 18:00 Karius og Baktus 245/245 STORSALEN Teater Kjøp billett

Karius og Baktus

lau 24 nov18:00245/245

Kjøp billett