logo.png

Kulturnatt i Førde

BLIR DU MED PÅ KULTURNATT?  Det vert Kulturnatt i Førde fredag 1. juni.

 

Initiativet kjem frå Førde kulturskule som har fått med seg Førdehuset, Larris scene, Kino Førde, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sogn og Fjordane Teater, Førde kyrkje og mange andre aktørar. Målet er å skape eit arrangement der vi kan syne så mykje som mogleg av kulturlivet i Sunnfjord ein kveld og natt på årets lysaste og finaste tid. Kor, korps, band, kunstnarar, turlag, kajakklubb, kino, dans - det vert eit mangfald og eit yrande liv i og rundt sentrum, og DU er velkomen til å vere med!

 

Ta med venner, barn, ungdommar, besteforeldre og naboen og bli med uti Kulturnatta! Fleire ting skjer samtidig – kvar arena sett opp arrangement kvar heile time, og kvart arr. varer i maks 45 min, slik at du kan flytte deg mellom dei ulike arena og rekke starten på kvart arrangement du ynskjer. Vaksne, barn og unge kan vandre gjennom byen frå oppleving til oppleving - og alle arrangement er gratis!

 

Programmet er snart klart!