Førde Kyrkje vinter.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 08 des 18:00 Messias av Georg Friederich Händel 390 Førde kyrkje Konsert Kjøp billett

Messias av Georg Friederich Händel

Førde kyrkje laurdag 08.12.2018 

 

Messias av Georg Friederich Händel
Førde kammerkor, i samarbeid med Sogndal songlag, stort orkester og fire solistar under direksjon av Asbjørn Flåm, skal framføre G. F. Händel sitt storverk ”Messias” i Førde kyrkje laurdag 08.12.2018 og i Stedje kyrkje søndag 09.12.2018.
Händel komponerte Messias i 1741, i løpet av berre 24 dagar. Frå ca 1750 vart verket framført årleg i London til inntekt for ein barneheim. I moderne tid har Messias blitt eit av dei mest spelte kyrkjeverka i adventstida. Teksten er henta frå fleire bøker i bibelen og handlar om både Jesu fødsel, offer og trua på evig liv.
Konsertane fell inn i den årlege førjulstradisjonen til Førde Kammerkor med framføring av ulike større kyrkjemusikalske verk rundt om i fylket. For Førde kammerkor er det også viktig å kunne medverke til eit mangfald av musikk- og kulturliv med slike konsertar som del av det samla kulturtilbodet i Sogn og Fjordane. I år er det gjor nokre endringar blant solistane: Mari Askvik, med røter i Leikanger syng altstemma, medan Christine Marøy denne gongen er sopransolist. Unge Helene Tyssekvam frå Sande har solopartiet der engelen stig ned og taler til gjetarane på marken. Eivind Kandal frå kandal i Gloppen er tenor og Bjørn Gisle Seter syng bass. Mari, Eivind og Helene er nye solistar ved våre større framføringar. Vi ser fram til å få presentere desse unge songarane for publikum i Førde og Sogndal.

 

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 08 des 18:00 Messias av Georg Friederich Händel 390 Førde kyrkje Konsert Kjøp billett