Skomakarens-draum_topp.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 21 okt 12:00 Skomakarens draum 70/120 TEATERSALEN Teater Kjøp billett
lau 21 okt 14:00 Skomakarens draum 70/120 TEATERSALEN Teater Kjøp billett

Skomakarens draum

lau 21 okt12:0070/120

Kjøp billett

Skomakarens draum

lau 21 okt14:0070/120

Kjøp billett

Skomakarens draum

Om framsyninga:
Skomakaren skal til å reparere den aller siste skoen før han avsluttar arbeidsdagen. Det er ein ballettsko han skal i gang med. Brått er ikkje skoen berre ein sko lenger. Ei ballerina trer fram, og etter kvart dukkar fleire sko opp. Også dei blir til ulike figurar; ein gatemusikar, ein sirkusdirektør og andre som arbeider på sirkuset. Det oppstår spenning når sirkusdirektøren ønskjer å få ballerinaen til å opptre ved hans sirkus. Ho vil nemleg aller helst danse når gatemusikaren speler.

Dette er ei klassisk, fin figurteaterframsyning der det oppstår ulike kjensler og dramatikk - alt formidla utan ord, i eit poetisk og vakkert formspråk. Alder frå 3 år. På grunn av at framsyninga er ordlaust passar det på tvers av språk og kulturar.

Framsyninga er utvikla av Ljudmil Nikolov ved Hordaland Teater, som også spelar "Skomakaren". Saman med dokkeførar Kristian Børve, skapar dei magi.

Anbefalt for barn frå 3 år.

Varigheit på framsyninga: ca 35 min u/pause

 

Skomakarens draum er eit gjestespel ifrå Hordaland Teater.

 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 21 okt 12:00 Skomakarens draum 70/120 TEATERSALEN Teater Kjøp billett
lau 21 okt 14:00 Skomakarens draum 70/120 TEATERSALEN Teater Kjøp billett

Skomakarens draum

lau 21 okt12:0070/120

Kjøp billett

Skomakarens draum

lau 21 okt14:0070/120

Kjøp billett