10ac7284-51e3-4aef-b729-60f1b960f62d.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 04 okt 19:00 Stein i lomma (Stones in his pockets) 415 STORSALEN Teater Kjøp billett

Stein i lomma (Stones in his pockets)

Stein i lomma

STONES IN HIS POCKETS

 

Gjer deg klar for feelgoodkomedie basert på Stones in His Pockets med Erik Poppe i registolen og to velopplagte skodespelarar i 18 roller!

 

 
 
Ein Hollywood-film skal spelast inn på ein liten stad i Noreg, og til liks med ein stor del av dei lokale innbyggjarane har to rappkjefta unge menn lete seg hyre inn som statistar. Korleis reagerer det vesle lokalsamfunnet på møtet med sleipe produsentar og verdsvande divaer?
 
Stones in His Pockets starta som pubteater, og har sidan gått for fulle hus i Londons West End og på scener over hele verda. «Gå og se, og vær forberedt på å le og bli overveldet», skreiv pressa etter premieren. Her heime hugsar mange Nationaltheatret si oppsetting med Kåre Conradi og Øystein Røger i rollene, som var på turné med Riksteatret og blei sendt på NRK.
 
Med stjerneregissør Erik Poppe i registolen og Hallvard Holmen (Roy i NRKs Himmelblå) og Øystein Martinsen (Kark i NRKs Vikingane) på scenen, gjer Riksteatret Stones in His Pockets – som opprinneleg foregår i Irland – om til ei filminnspeling i Nord-Noreg. Erik Poppe har førstehandskunnskap om kva som skjer når underhaldningsindustrien rykkjer inn med heile kjempeapparatet sitt og forvandlar et inkjeanande lokalsamfunn til ein enaste stor «location». Derfor vil han også vite å ta vare på det skjøre vesle alvoret som ligg under humoren.
 
For til sjuande og sist er Stones in His Pockets kanskje meir aktuell enn nokonsinne. Med forteljinga om kollisjonen mellom lokal og internasjonal kultur, og om vanlege menneske si oppleving av ikkje lenger å bli sett og høyrt, grip framsyninga rett inn i dagens Noreg.
 
**** Et fantastisk stykke
 
The Herald
 
«Gå og se det, og vær forberedt på å le og bli overveldet»
 
Sunday Times
 
Best New Comedy Laurence Olivier Award
 
Best New Comedy Evening Standard Award
 
Premiere i Oslo, Nydalen 20. september Turnépremiere i Flekkefjord 26. september
 
Speletid: 140 (inkl.pause)
 
Med Hallvard Holmen og Øystein Martinsen. Av Marie Jones. Omsett og ??? av XX Ragnar Olsen. Lagt til rette av Erik Poppe. Regissør Erik Poppe. Scenograf og kostymedesignar Siri Langdalen. Lysdesignar Øyvind Wangensteen. Lyddesignar X
Ein Riksteatret-produksjon

 

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 04 okt 19:00 Stein i lomma (Stones in his pockets) 415 STORSALEN Teater Kjøp billett