Bilete Trollmannen frå Oz.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 21 mar 18:00 Trollmannen frå Oz - Riksteatret 250/250 STORSALEN Teater Kjøp billett

Trollmannen frå Oz - Riksteatret

Bli med til den andre sida- Somewhere Over the Rainbow!

 

Vi har alle høyrt om Dorothy - den lille jenta som virvlast opp av ein tornado og
og blir feid av garde til trolldomslandet på den andre sida av regnboga!

Undervegs til Smaragdbyen og Trollmannen treff ho tre underlege fyrar –
Blikkmann, som så inderleg ønskjer seg eit hjarte,
Fugleskremselet, som så gjerne vil ha ein hjerne å tenkje med, og den livredde Løva, som håpar
han ein dag skal bli modig, han òg. Men først når dei har fått has på Den onde heksa
finn dei det dei eigentleg leiter etter – trua på seg sjølv, og trua på andre.
Og då finn Dorothy og veien heim!

Det er mange år sidan sist Riksteatret satt opp ein skikkeleg musikal. No skal vi endeleg
gjere det igjen. Og då har vi like godt valgt oss ein av dei verkeleg store klassikarane:
Trollmannen frå Oz. Det er jo ingenting som på same måte samlar eit publikum på tvers
av generasjonane som musikkteatret.

Som Dorothy får du møte den nye stjerna Mari Lerberg Fossum. Ho har tidlegare gjort suksess
både som Sophie i Mamma Mia og Belle i Skjønnheten og udyret. Og regien er ved multitalentet
Alan Lucien Øyen, som gjennom dei seinaste åra har vunne seg eit stadig større namn,
også langt utanfor Norge sine grenser.
I han har norsk teater fått seg ein ny trollmann, og han lovar oss ei fargerik og frodig og
livsglad framsyning, for eit eventyrlystent publikum i alle aldrar!

Premiere i Nydalen, Oslo 18. januar
Turnépremiere på Hamar 25. januar

På scena
Mari Lerberg Fossum med flere (kunngjerast seinare).

Team
Regissør: Alan Lucien Øyen. Scenograf: Leiko Fuseya. Kostymedesigner: Stine Sjøgren. Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen
Framsyningslengde: 2 timar (inkludert pause).

Produsert av Riksteatret

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 21 mar 18:00 Trollmannen frå Oz - Riksteatret 250/250 STORSALEN Teater Kjøp billett