DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 01 jun 20:00 Vinje, vår mann 325 Haarklousalen Teater Kjøp billett

Vinje, vår mann

fr 01 jun20:00325

Kjøp billett

Vinje, vår mann


Vinje, vår mann

 

I år er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. I den samanheng feirar Sogn og Fjordane teater og Rom for ord målmannen, diktaren og folkeopplysaren med ein ny litterær konsert og teater-produksjon: ”Vinje, vår mann”.

”Ferdaminne frå sumaren 1860” av Aasmund O. Vinje var den første boka som kom ut på landsmålet Ivar Aasen hadde konstruert. - Og så er det ein formasteleg tanke, seier Lars Amund Vaage, at det kanskje framleis er den beste. Vaage held fram:

- Vinje vart ikkje forløyst som diktar før han fekk landsmålet å dikta på, og då var han 40 år gammal. Han hadde ei språkmusikalsk gåve, og han trong fridommen som det eigne språket gir for å få brukt denne gåva. Tekstane hans er ofte strenge formelt, med klassiske versemål, men med rytmisk og klangleg rikdom. Ofte diktar han om det opphavlege, det heimlege, det farne. Det er eige livsmateriale som ligg i botnen. Han kunne skriva om det på morsmålet.

Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma;

Heggen med tre som der blomar var på, eg atter såg bløma.
...

«Du les vitet av deg», vart det sagt til Aasmund, då han voks opp. Forholdet mellom bokleg lærdom og lærdom frå livets skule er ei hovudsak for Vinje, i både liv og verk. Han var nok ein av dei mest lærde i si tid, men praktisk lærdom såg han aldri bort ifrå.

- Vinje er min mann, seier forfattaren Lars Amund Vaage.

I denne litterære framsyninga fortel han om korleis Aasmund Vinje har kome til å bety så mykje for han, og reflekterer over alt han har å seie til oss i vår tid, framleis. Vaage akkompagnerer tenor Aasmund Kaldestad i nokre av Grieg/Vinje-songane på piano. Skodespelar Kyrre Eikaas Ottesen frå Sogn og Fjordane teater les tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.

”Vinje, vår mann” får premiere under kulturnatt i Sunnfjord, fredag 1. Juni i Haarklousalen i Førde.

Manus: Lars Amund Vaage
Regi: Bodil Kvamme, Sogn og Fjordane teater
Ide og prosjektutvikling: Janne Karin Støylen, Rom for ord.

 

Medverkande:

 

 

Lars Amund Vaage

 

 Aasmund Kaldestad

Kyrre Eikås Ottersen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Framsyninga vert produsert med støtte frå
stiftinga Fritt ord.

 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 01 jun 20:00 Vinje, vår mann 325 Haarklousalen Teater Kjøp billett

Vinje, vår mann

fr 01 jun20:00325

Kjøp billett