Hopp over navigasjonskoblingerFørdehuset > Førde bibliotek
Biblioteket nr 2-2010

BIBLIOTEKET er eit nytt norsk litteraturtidsskrift for alle som likar å lese. Med artiklar om alt frå krim og serielitteratur til dei store klassikarane, og sjølvsagt også den nye litteraturen, tilbyr Biblioteket underhaldning, kunnskap og inspirasjon. Gjennom Biblioteket sitt varierte innhald stiller dei også spørsmålet: Kva er eigentleg god litteratur? Og kvifor er den god?

Sommarlitteratur

Frå 21. juni til 14. august er det sommaropningstider i biblioteket:

Måndag: 11.00-15.00

Tysdag: 11.00-18.00

Onsdag: 11.00-15.00

Torsdag: 11.00-18.00

Fredag: 11.00-15.00

Laurdag: 11.00-14.00

Bokkafé med retro interiør

Førde bibliotek laga saman med Fylkesbiblioteket og Førdefestivalen bokkafé under festivalen 8.-11. juli.

Kafén var innreia med retromøblar og eksotiske tekstilar. Dempa musikk og duftlys gjorde og sitt til å skape hyggestemning, og kaféen vart ein oase i festivalståket. Her vart det lese, lagt puslespel, prata og drukke kaffi...

sol.jpg

Lurer du på kva borna i Førde gjere på i sommar? Dei les bøker, sjølvsagt. Til no har meir enn 250 barn mellom 6 og 13 år meldt seg på lesekonkurransen SommarLes. Det er fantastisk! Og har du ikkje meldt deg på enno, så er det framleis mogleg. Kom innom biblioteket og få eit lesekort, så er du med!

Laurdag 28 august blir det iskremfest og premieutdeling på biblioteket for alle som har lese minst 5 bøker (minimum 200 sider). 

NB! Hugs å lever lesekortet innan 18. august. Då vil du samtidig få invitasjon til festen.

sol.jpg

Sommaren er ei fin tid for lesing.

I år arrangerer Førde bibliotek sin første Sommarles-aksjon, der du som er mellom 6 og 13 år kan delta!
Les minst 5 bøker (totalt 200 sider) og ver med i trekninga av små og store premiar Blant premiane er kinobillettar, gåvekort på cd'ar, dvd og bøker.  Hovudpremien er ein iPod nano.

Kulturprogram for månaden

Kulturarrangement i Førdehuset denne månaden finn du her. Filmar på Kino Førde, arrangement, utstillingar og info. frå Førde bibliotek. Oppdatering av programmet skjer fleire gonger i månaden.

Kulturprogram for Førdehuset . Følg lenka for å lese siste utgåva av kulturprogrammet i pdf-format. Du kan også bla deg gjennom Kulturprogrammet for Førdehuset - klikk les meir.

Primstav som symbol for merkedagar.

29.juli: Olsok / Olavsmesse. Til minne om Olav Haraldson som kristna landet og fall ved Stiklestad 29.juli i 1030. Dagen vart ein viktig kyrkjeleg heilagdag, men og ein folkeleg festdag.

Bibliotek_1

Førde bibliotek er i Førdehuset. Biblioteket har ope 6 dagar - 41 timar i veka, og har eit mangfaldig tilbod  for store og små av kunnskap og oppleving. 

Tilbake
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
På eiga hand

Førde bibliotek

E-post:

Biblioteket spør deg:
Kvifor er du på biblioteket?
 
Alternativ:






Bilete frå biblioteket
Seniorsurf  2008
Seniorsurf 2008
Fotograf: Marie Dombestein
Dagens gullkorn frå biblioteket
 
  Nokre bøker bør ein smake på, andre bør ein sluke, nokre få bør ein tygge og fordøye.
  -Francis Bacon

Kontaktinformasjon
_
_
Kultur
Førdehuset, Angedalsvegen 5
Postboks 338
6802  Førde
 
E-post : kultur@forde.kommune.no
 
 
Telefon : 57 72 19 00
Faks : 57 72 19 09
Org.nr. : NO 963923511 mva
Mva.nr. : NO 963923511 mva
Kontonr. : 3700 07 00720
Kommunenr. : 1432
_
Opningstid : Opningstider - Førdehuset: Mån - fre: 08.00 - 21.00, laurdag: 09.00 - 18.00, søndag: 12.30 - 21.00. Symjehallen og biblioteket har eigne opningstider
Førde kommune - Kultur, postboks 338, 6802 Førde. Besøksadresse: Førdehuset, Angedalsvegen 5 kultur@forde.kommune.no