Automatisk frikortordning
Alle som passerar frikortgrensa for eigendel på helsetenester og medisinar i løpet av eit kalendarår, har krav på frikort. Når du har motteke frikortet, må du vise det fram for å sleppe å betale eigendel resten av året.
Fram til no har du sjølv hatt ansvaret for å samle kvitteringar og søke om frikort frå NAV. Frå 1. juni 2010 vil du automatisk motta frikortet i posten når du har betalt 1840 kroner i eigendel. Har du betalt for mykje vert dette automatisk tilbakebetalt.
Målet er at du får frikortet i posten innan tre veker etter at du har nådd frikortgrensa.
Frikortet gjeld for behandling hjå lege, psykolog, sjukehus, røntgen, pasientreiser, medisiner og utstyr på blå resept.
Unntak i 2010
Den eigendelen du betalar for pasientreise vert ikkje registrert automatisk. Du må sjølv sende inn dokumentasjon for slik eigendel. Ein eigen kvit slipp på kvitteringskortet for eigendelen er tilpassa slik innsending. Har du spørsmål om pasientreiser ring Pasientreiser 05515. Målet er at pasientreiser med rekvisisjon innrapporterast automatisk frå 1. januar 2011.
Automatisk frikortordning gjeld kun for eigendelstak 1
Automatisk frikort gjeld kun for eigendelstak 1. Du må sjølv søke om frikort for eigendelstak 2. Denne ordninga gjeld fysioterapi, enkelte former for tannsjukdomar, behandlingsreiser til utlandet og rehabiliteringsopphald. Beløpsgrense er kr 2560.
Krav om frikort for eigendelstak 2 må du sende til HELFO. Søknaden skal sendast til HELFO Region Vest (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane), Postboks 14, 4097 Sola. Søknadsskjema finn du på HELFO.
- Meir om frikortordninga på HELFO