Hopp over navigasjonskoblingerFørdehuset
Førdehuset på Facebook

Førdehuset
on Facebook

Bli med på lesekonkurranse i sommar

Sommaren er ei fin tid for lesing.

I år arrangerer Førde bibliotek sin første Sommarles-aksjon, der du som er mellom 6 og 13 år kan delta!
Les minst 5 bøker (totalt 200 sider) og ver med i trekninga av små og store premiar Blant premiane er kinobillettar, gåvekort på cd'ar, dvd og bøker.  Hovudpremien er ein iPod nano.

Publisert av Østvik, Iren Riksheim. Sist endra 24.08.2010

Kom innom biblioteket i perioden 14. juni til 16. august og få eit lesekort. På lesekortet skriv du inn alle bøkene du har lese i sommar.

Du kan lese både bøker, teikneseriar og høyre på lydbøker. Hugs at biblioteket også har bøker som er lette å lese. Dersom du ikkje vil lese sjølv, kan du finne nokon som kan lese for deg.

Lever lesekortet innan 18. august.

Laurdag 28. august kårer vi den mest lesande vinnaren og deler ut premiar.
Is til alle som kjem på kåringa!

Tilbake
Kino- og kulturprogram for Førdehuset

I kulturprogrammet finn du kinoprogram, konsertar, teater, utstillingar, andre kulturarrangement og anna informasjon frå Førdehuset, Kino Førde, Førde bibliotek, idrettshallen, symjehallen og Førde stadion

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
Kontaktinformasjon
_
_
Kultur
Førdehuset, Angedalsvegen 5
Postboks 338
6802  Førde
 
E-post : kultur@forde.kommune.no
 
 
Telefon : 57 72 19 00
Faks : 57 72 19 09
Org.nr. : NO 963923511 mva
Mva.nr. : NO 963923511 mva
Kontonr. : 3700 07 00720
Kommunenr. : 1432
_
Opningstid : Opningstider - Førdehuset: Mån - fre: 08.00 - 21.00, laurdag: 09.00 - 18.00, søndag: 12.30 - 21.00. Symjehallen og biblioteket har eigne opningstider
Førde kommune - Kultur, postboks 338, 6802 Førde. Besøksadresse: Førdehuset, Angedalsvegen 5 kultur@forde.kommune.no