Odd Harry Strømsli blir ny einingsleiar for den nye plan- og byggesakseininga i Førde kommune
I samband med at Reidar Hatlebrekke blir AFP-pensjonist og det er vedtatt ei ny organisering av dei tekniske tenestene frå 1. september, er Odd Harry Strømsli tilsett som ny einingsleiar.
Stømsli arbeider i dag i konsulentfirmaet Norconsult i Førde - ein jobb han har hatt i to år. Han har erfaring frå statens Vegvesen, Førde kommune og Ullensaker kommune.
I kulturprogrammet finn du kinoprogram, konsertar, teater, utstillingar, andre kulturarrangement og anna informasjon frå Førdehuset, Kino Førde, Førde bibliotek, idrettshallen, symjehallen og Førde stadion