Du er velkommen til å søkje ledige stillingar i Førde kommune.
Tilsetjingar i kommunen skjer på dei vilkår som til kvar tid går fram av gjeldande lover, regelverk og tariffavtale. Medlemskap i KLP/SPK. 6 månaders prøvetid.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Nedanfor finn du dei stillingane som er ledige no.
Når du skal søkje på stilling, brukar du elektronisk søknadsskjema.
Ledige stillingar for interne søkjarar:
Dersom du er fast deltidstilsett i Førde kommune og ynskjer å utvide stillinga di, kan du søkje stillingar som er lyst ut internt, gå til ledige stillingar for interne søkjarar.