Hopp over navigasjonskoblingerFørdehuset > Førdehuset
spacerKulturprogram - Førdehusetspacer
Heading kulturprogram des08
Kva skjer i Førdehuset no, og i næraste framtid?
spacer
spacerKampar og arrangement på Førde stadionspacer
Førde stadion
Oversikt over kampar og arrangement på Førde stadion
spacer
spacerKulturprogram for vårenspacer
Kulturprogram

 

 

   

Filmar på Kino Førde                       Revy, teater og konsertar

 

 

 

Førde bibliotek                         Symjehallen                              Idrett

 

 

Førdehuset er regionalt kulturhus og arena for kultur og idrett i Sunnfjord. Fleire bedrifter og institusjonar held også til i Førdehuset . Om Førdehuset

Riksteatret i Førdehuset 19. mars 2010

Ein av våre mest omstridde romanar "Sangen om den røde rubin" vert teater!

 

Å gje scenisk liv til Agnar Mykle si bok er ei stor utfordring.

I siste halvdel av 50-talet hadde alle eit forhold til "Rubinen". Historia om Ask Burlefot sin søkjande reise inn i vaksenlivet vart lesen i smug under dyna over heile Noreg.

 

19. mars kjem Riksteatret til Førdehuset! Kjøp e-Billett. Rabattkategoriane kjøper du i billettluka.

Bokbad

Lurer du på kva bøker menn i Sunnfjord har på nattbordet? Tysdag 9. mars kl. 20.00 inviterer Førde bibliotek til ein uformell bokkveld som avslutning på bokprosjektet "På nattbordet".

Nokre menn les og formidlar bøker dei har lese. Det blir skråblikk frå sidelinja ved Ole Johannes Øvretveit. Musikalsk krydder ved Mjåtveit og Hovde. Gratis inngang.

På nattbordet

Siste mann ut med bok på nattbordet i biblioteket er Stian Grimseth.  Har har lese og laga omtale av Bjørge Stensbøl si bok Makten og æren i toppidrettens kulisser.Ta turen til biblioteket og sjå kva han og dei andre nattbord-deltakarane har som lesetips.

Prosjektet vil bli avslutta tysdag 9.mars med Bokbad med karar.

Wolfman

Emily Blunt, Hugo Weaving, Benicio Del Toro og Anthony Hopkins spelar hovudrollene i denne spanande filmen.

Léa (Elsa Zylberstein) og Juliette (Kristin Scott Thomas)

God fransk film på Kino Førde.

Med ei gnistrande Kristin Scott Thomas i regi av Philippe Claudel.

"Tindrende og godt" Aftenposten (5) "En gnistrende god fortelling i kvalitetsinnpakning." Dagbladet (5)

Planet 51

Planet 51 er ei animert eventyrkomedie av intergalaktiske dimensjonar.

Seksten år gamle LEM bur på Planet 51, i eit hyggeleg og roleg nabolag som minner om USA på 1950-talet. Livet hans er lykkeleg, trygt og godt. Heilt til det skjer noko heit uventa....

Norske stemmer.

 

The Imaginarium of Doctor Parnassus

"Geniale Terry Gilliam i kreativ, kaotisk storform. Neppe noe for alle og enhver, men et must for de utvalgte som vet å sette pris på fantasifull fortellerglede." Dagsavisen (5)

Up in the air

"Nydelig om relasjoner og finanskrise" B.T (5)

Kulturprogram for månaden

Kulturarrangement i Førdehuset denne månaden finn du her. Filmar på Kino Førde, arrangement, utstillingar og info. frå Førde bibliotek. Oppdatering av programmet skjer fleire gonger i månaden.

Kulturprogram for Førdehuset . Følg lenka for å lese siste utgåva av kulturprogrammet i pdf-format. Du kan også bla deg gjennom Kulturprogrammet for Førdehuset.

Prinsessen og frosken

Opplev Nora Noor og Espen Grjotheim som Prinsessen og frosken. Filmen har Noregspremiere på Kino Førde fredag 19. februar kl. 18.00 og alle snakkar norsk.

 

"Prinsessen og frosken" markerer tilbakekomsten av handteikna animasjon frå det velrenommerte teamet til John Musker og Ron Clements, med musikk av den Oscar -vinnande komponisten Randy Newman

 

Stoppestaden

Sogn og Fjordane Teater syner ein psykologisk thriller frå jazzmiljøet i New Orleans på 1920 og 30-talet. av Julian Garner.

Fredag 26. februar kl 19.00 premiere. Laurdag 13. mars kl 18.00. Kjøp e-Billett 

Sjå også Sogn og Fjordane teater: www.softeater.no

 

UKM 2010

Det var ei vellukka lokalmønstring i Førdehuset laurdag med eit variert og flott program med song og dans. Ei fin utstilling fekk og mykje skryt. Takk til alle deltakarane som brukar mykje tid på øving og som gjer jobben til juryen vanskeleg. Sjå kven som gjekk vidare til fylkesmønstringa.

Kulturprogram

Mykje spennande i vårprogrammet for Førdehuset, som du kan lese i pdf-format.

Symjehallen i Førdehuset

Bli med på den årlege mosjonskampanjen til Norges svømmeforbund som i år kan føre deg heilt til Kypros. Synes du det langt å symje til Kypros kan vi roe deg ned med at du treng ikkje symje så langt, men kan kome dit likevel! Berre kom og sym i Førdehuset.

Mosjonskampanjen går frå 1. januar til 31. mars 2010.

Få registeringskort hos badevaktene eller i resepsjonen i Førdehuset

Samfunnshuset i Ntchisi slik det står i dag - utan tak

Folkeaksjen for bygging av samfunnshuset "Førdehuset" i Ntchisi i Malawi er no i sal i Førdehuset og på Servicetorget. Folkeaksjen er nummerert slik får alle eit unikt eksemplar.

Førdefestivalen 2009

Sjå filmen frå Førdefestivalen 2009 i lite format eller du kan sjå same filmen i større format. Filmen varer i ca. 9 minutt. Filmen er laga av Feberfilm.

Førde stadion - løpebane

Oversikt over arrangement, stemner og kampar på Førde stadion inkl kunstgrasbane.

e-Billett

Kjøp eBillett på Internett. Du legg kinofilmen, konserten eller teaterframsyninga i handlekorga og betaler med kredittkort. Så skriv du ut billetten heime. Du treng ikkje vise billetten i resepsjonen i Førdehuset, kom direkte i døra for vi scanner billetten din der. Rabatt på Firdakortet får du kun ved direkte kjøp i billettluka.

 

Vi tilbyr også eGåvekort - ei flott gåve å gje heile året.

I Førdehuset har vi trådlaust nettverk som du kan kople deg til. Nettet er tilgjengeleg i vrimlearealet og det du treng er pc'en din og mobiltelefonen for å få kjøpt tilgang og for å få passord tilsendt på SMS.

Tilbake
Kino- og kulturprogram for Førdehuset

I kulturprogrammet finn du kinoprogram, konsertar, teater, utstillingar, andre kulturarrangement og anna informasjon frå Førdehuset, Kino Førde, Førde bibliotek, idrettshallen, symjehallen og Førde stadion

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
Kontaktinformasjon
_
_
Kultur
Førdehuset, Angedalsvegen 5
Postboks 338
6802  Førde
 
E-post : kultur@forde.kommune.no
 
 
Telefon : 57 72 19 00
Faks : 57 72 19 09
Org.nr. : NO 963923511 mva
Mva.nr. : NO 963923511 mva
Kontonr. : 3700 07 00720
Kommunenr. : 1432
_
Opningstid : mån - fre: 08.00 - 21.00, laurdag: 09.00 - 18.00, søndag: 12.30 - 21.00
Førdehuset på Facebook

Førdehuset
on Facebook
Førde kommune - Kultur, postboks 338, 6802 Førde. Besøksadresse: Førdehuset, Angedalsvegen 5 kultur@forde.kommune.no