Barn og unge

Førde kommune ynskjer at barn og unge i Førde skal få auka leselyst og lesekompetanse gjennom å bruke biblioteket. Vi skal skape ein god møtestad, motivere for læring og skape rom for positive litteraturopplevingar. Førde bibliotek har eit spesielt fokus på nynorsk litteratur og formidling.

 

 

Familiar

Dei minste barna er gjerne med foreldra på biblioteket. I barneavdelinga har vi kasser med peikebøker og biletbøker for denne gruppa. Vi har ei leikehytte med mjuke puter, lego og byggeklossar. I tillegg har vi brettspel og teiknesaker. Foreldre og barn kan delta på lesestunder eller ulike aktivitetar når det er spesielle familiedagar på Førdehuset.

 

Barnehagar

Barnehagane er flinke til å bruke biblioteket. Dei kan delta på lesestunder, som er delt opp i grupper for 1-2 år og for 3-6 år. Biblioteket kan lage til bokkasser til barnehagane etter førespurnad. Dersom barnehagar har lyst å besøke oss for tilpassa opplegg, kan dei ta kontakt for avtale.

 

Skule

Biblioteket kan tilby omvisning og opplæring i biblioteket etter avtale. I tillegg kan vi tilby eigne lesestunder tilpassa klassetrinnet. Mange skular bestiller bokkasser og bytter bøker med jamne mellomrom. Det er også kjekt for oss på biblioteket å kunne besøke skulane og tilby bokpresentasjonar i klassene, 5. -10. steg. I sommarferien har vi lesekonkurranse frå 1. – 7. klasse; Sommarles. Dette er svært populært og ungane vert motivert gjennom premiering og ein skikkeleg avslutningsfest etter ferien! sommarles.no

 

I løpet av året er det mange større arrangement på Førdehuset som er retta mot barn. Når det er Familielaurdagar, Nynorsk barnebokfest, Bornas Verdsdagar eller Jul i Førdehuset, er det gjerne tilbod om lesestunder og andre aktivitetar på biblioteket.

 

Gode nettsider for lesetips og lesestimulering:

tunkatten.no

nynorskbok.no

barnebokkritikk.no

lesesenteret.uis.no