Bli med på Sommarles!

Sommarles 2018

Førde bibliotek er også i år med på den digitale lesekampanjen Sommarles. Frå 1. juni kan alle barn frå 1.-7. klasse vere med på Noreg si kulaste lesekampanje! På sommarles.no kan du registrere bøkene du les, samle poeng, få kule premiar og lesetips, lese den eksklusive sommarlesforteljinga, løyse oppgåver og følge med på kva vennene dine les!
Målet er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

 

Kva er Sommarles?

-Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar leste side. Sommarles gjer det moro å lese!

- Sommarles er for barn i 1.-7.klasse og  varer frå 1. juni til 31. august.

- Barna får òg tilgang til ei forteljing og kan løyse oppgåver knytt til denne.

- I tillegg til poeng kan barna òg gjere seg fortent til ulike digitale trofé - og sjølvsagt har vi tøffe premiar som ein kan hente på biblioteket!

- Alle som deltek på Sommarles blir invitert til ein feiande flott avslutningsfest i september!

 

http://sommarles.no/

 

For meir informasjon kontakt: Førde bibliotek tlf: 57 72 19 09