Erik Tandberg - Romfartens gentleman!

 Til slutt var studio tomt, bortsett frå ein kameramann som sat i ein lenestol, temmeleg utslått. Eg merka ikkje at eg var trøytt. Det var ei historisk natt, eg var rørt.

Slik fortel sivilingeniør og offiser Erik Tandberg om ”månenatta” i 1969. Søndag 20 juli kl 21.17 norsk tid landa Neil Armstrong og Edwin Aldrin ”The Eagle” på månen. Ikkje før nærare klokka fire på natta fall dei berømte orda på sprakande linje frå verdsrommet: - Eit lite steg for ein mann, eit gigantisk sprang for menneskeheita.

Kva no? Kor tid landar det første mennesket frå mars? Erik Tandberg fortel i foredraget denne kvelden mellom anna om korleis ei mellomlanding på månen kanskje kan gjere reisa muleg.

Romfartens gentleman vitjar Førde i samband med at Sogn og Fjordane teater set opp stykket ”Fysikarane” av Friedrich Dürrenmatt, ei svart komedie skriven i 1962, midt under den kalde krigen. Vitenskapens genialitet – og galskap vert tematisert. Erik Tandberg sitt foredrag reflekterer over vitenskapens realitet, slik han observerte den på nært hald dette tiåret, og framover mot vår tid. Steg for steg bevegar mennesket seg utover i universet. Like før jul i år offentleggjorde Pentagon bilder frå NASA sitt til då hemmelege UFO-program. Kven vinn kappløpet, denne gongen? Kjem mennesket først til mars? I sitt 84 år formidlar Erik Tandberg framtidsperspektiv basert på tiår med historisk innsikt og erfaring, stadig held temaet han vaken og brennande engasjert, som under ”Månenatta”.

Arrangementet er i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater, Førdehuset, Førde bibliotek og Gloppen Sogelag. Det er Gloppen Sogelag som står bak foredragsserien "Verda og vi" i Trivselshagen på Sandane.