Lokalhistorie

 

Førde bibliotek har ei relativt stor samling av lokalhistoriske materiale frå fylket, både fag - og skjønnlitteratur. (fram til 2013). Vi har bygdebøker frå alle kommunar i Sogn og Fjordane. Biblioteket har også aviser frå fylket på mikrofilm og innbunde årgangar av Fjordingen, Fjordabladet, Firda Tidende, Firda, Firda folkeblad, Firdaposten, Sogningen, Sogn dagblad og Sogn og Fjordane. Ta kontakt om du vil ha nærmare informasjon om samlinga vår.

 

 

Kvalesamlinga

Anne Johanne Kvale, donerte i 1994 si private samling av kvinnelitteratur til biblioteket. Deler av denne samlinga står utstilt i det lokalhistoriske rommet på biblioteket.

 

Gotisk skrift

Vi har i 2017/2018 oppretta ei lesegruppe for gotisk skrift på biblioteket. Den vert leia av Yngve Nedrebø,

statsarkivar i Bergen og fagdirektør for skriftforvaltning i Arkivverket. Gruppa passar for alle som arbeider med lokalhistorie og slektshistorie, og som slit med å lese dokument med gotisk skrift.

 

Lenker: