Nytt bilete på biblioteket

"Kunst på biblioteket" er eit samarbeid mellom biblioteket og ulike lokale kunstnarar. Dei får stille ut eitt eller fleire bilete på veggen bak skranken, til glede for både besøkande og oss som arbeider på biblioteket.

 

Anne Kari Faleide har drive med måling på hobbybasis i mange år. Ho kallar bileta sine "veggpynt". Ho er medlem i Sunnfjord kunstlag og Klubb 13.

 

Bilete er til sals for 5 600 kroner.