Strikk & lytt hausten 2018

Biblioteket held fram med Strikk & lytt også hausten  2018. Vi riggar oss til med småbord og stolar inne i biblioteket. Jorun les frå ulike bøker og har ulike tema kvar gong. Du kan kjøpe med kaffi/te eller noko å bite i frå kafeen. Mange har med seg strikk eller anna handarbeid, men du kan også berre sitje å lytte. Frå kl. 19.00 - 20.30.

  • Måndag 24. september
  • Måndag 29. oktober
  • Måndag 26. november