Bruksreglar for idrettshallen - Førdehuset

 

 

  1. 1.Leigetakar er ansvarleg for sine utøvarar i den tildelte treningstida/leigetida og må følgje hallen sit reglement.
    1. 2. All skifting av klede skal skje i garderobane. Oppbevaring av pengar, mobiltelefonar eller andre verdisaker i garderobane eller andre stader på huset, skjer på eige ansvar.
  2. 3. Leigetakar må respektere andre si treningstid. Det er ikkje tilgang til hallen før eigen treningstid startar.
  3. 4. Alle som brukar idrettshallen må bruke «innesko» som ikkje set merkje på golvet. Sko som vert nytta til utandørs trening må ikkje nyttast inne. Påbodet om bruk av «innesko» gjeld og trenarar/leiarar/lærarar. Det er ikkje høve til å bruke piggsko.
  4. 5. Utstyr skal brukast på rett måte. Etter bruk skal materiell og utstyr setjast tilbake på rett plass.
  5. 6. Mat, sukkerhaldig drikke, tyggegummi og snus er forbode. Det er ikkje lov å røyke og bruke alkohol eller andre rusmidla i nokon av idrettshallen sine rom og uteområde.
  6. 7. Dyr, med unntak av førarhund, har ikkje tilgang til hallen.
  7. 8. Ballspel er berre tillate inne i idrettshallen.
  8. 9. Sykkel, rulleskøyter og rullebrett eller liknande er forbode i hallane.
  9. 10. All klister er forbode for utøvarar under 16 år. Det er berre vannbasert klister som er tillate. Klister på skoa og andre stader på kroppen er ikkje tillatt. Det er trenars ansvar at reglane vert fylgde.
  10. 11. Dersom det er anna aktivitet enn vanleg trening på vekedagar skal dette varslas Førde kommune, kultur/Førdehuset (t.d: treningskamper, seriekamper og arrangement).
  11. 12. Ved treningstidas slutt skal lag/støtteapparat gå til garderobe utan opphald i hallen.
  12. 13. Leigetakar går til slutt og sjekkar at hall og garderobe er rydda.
  13. 14. Vaktmeister kan vise bort dei som ikkje rettar seg etter utleige- og ordensreglar.    
  14. Ansvar
  15. Utover alminnelig erstatningsrettslig ansvar er Førde kommune utan ansvar for ulykker eller skade på personer eller eigedom, tap av private effektar, verdisaker og liknande i samband med utleige.
  16.   
  17. 1. Leietakar skal alltid ha kompetanse innan førstehjelp og sjølv ha med nødvendig førstehjelpsutstyr, og orientere seg om brannforskrifter og nødutgangar.
  18. 2. Leigetakar er økonomisk ansvarlig for utstyr og innbu som vert skada eller vekke og som ikkje kan skuldast slitasje eller hendig uhell.
  19. 3. Skader eller feil på utstyr meldast straks til vaktmeister.
  20. 4. Ved uvørden bruk eller mangelfull opprydding må leigetakar betale for eventuelt ekstra reinhald.
    1. 5. Leigetakar må betale gebyr dersom arrangement ikkje er avbestilt. Avbestilling mindre enn 1 veke før arrangementet: full pris.  Avbestilling mindre enn 4 veke før arrangementet: 50 % av full pris.
  21. 6. Ved manglande skriftleg avbestilt kamp-/arrangementstid som er reservert, der vaktmeister møter opp, skal det betalast gebyr.
  22. 7. Leigetakar er økonomisk ansvarleg for utrykkingsgebyr i samband med uvørden eller forsetteleg utløysning av brannalarm/innbrotsalarm.
  23. 8. Attgløymde klede/utstyr blir i januar og juni månad kasta eller donert til velgjerande organisasjonar.

 

Arrangement

  1. 1. Det skal søkast Førde kommune v/kultur for kvart arrangement.
  2. 2. Skulane disponerer hallane i tidsrommet 08:00 til 16:00 på kvardagar.
  3. 3. Bruk av lokala til andre formål enn sportslege aktiviteter, er berre aktuelt etter spesiell søknad og vurdering.
  4. 4. Ved arrangement må leigetakar sjølv syte for nødvendig vakthald. Det gjeld og parkeringsplass og uteareal.
  5. 5. Vaktpersonell må være godt kjent med branninstruks og rømmingsvegar.
  6. 6. Eventuell reklame i forbindelse med arrangement skal avklaras med Førde kommune, kultur / Førdehuset.
  7. 7. Alle leigde lokale skal ryddast og tømast for boss. Utstyr og inventar skal setjast på plass.
  8. 8. Ved eigen kioskdrift/matservering under arrangement skal dette avtales med Sunnfjord Cafe og Catering.