06 - P - Adrift.jpg

Adrift

Basert på ei sann hending om overleving, kjærleik og eit eventyr som får ei brå vending  når orkanen Raymond dukkar opp.

Tami (Shailene Woodley) og Richard (Sam Claflin) er to reiseglade menneske som ved eit tilfeldig møte fell for kvarandre og finn kjærleiken. Dei set segl ut mot havet, og seglar uforvarande inn i den katastrofale orkanen Raymond. I etterkant av stormen vaknar Tami til ein hardt skadd Richard og ein seglbåt i ruinar. Med lite håp om å bli redda, må Tami finne styrke og vilje til å redde seg sjølv og den einaste mannen ho nokon gong har elska.