09 - P - Andrea Bocelli.jpg

Andrea Bocelli - Musikkens stillhet

Vi viser den flotte, vakre og inspirerande filmen om den italienske stjernetenoren, Andrea Bocelli, òg kjent som «Den Fjerde Tenor» og «Den Blinde Tenor».

Regissøren, Michael Radford, har tidlegare begeistra eit stort publikum med filmar som Postmannen (1994), 1984 (1984) og Kjøpmannen i Venedig (2004). Andrea Bocelli har til dags dato seld meir enn 80 millionar album på verdsbasis.

 

«Musikkens stillhet» er basert på ein roman av Bocelli, der hovudpersonen Amos Bardi er til forveksling lik han sjølv: Han blir heilt blind i ung alder, men har til gjengjeld eit stort talent for song. Av songlæraren «Maestro» (Antonia Banderas), forstår Amos at for å bli ein stor songar trengst ikkje berre talent, men òg at han lyttar innover i seg sjølv. Filmen gjev eit nydeleg innblikk i korleis Bocelli vann over utfordringane og korleis han vart den verdsstjerna som vi kjenner i dag
Filmen er spilt inn i vakre Toscana, der Andrea Bocelli er fødd og vaks opp og bur den dag i dag.