Kino

08 - Baby Driver.jpg

Baby Driver

Regissør Edgar Wright står bak årets kulaste filmoppleving, Baby Driver. Filmen har 100% score på Rotten Tomatoes og blir hylla av kritikarar som den perfekte blandinga av komedie og heftig action.
Den unge sjåføren Baby (Ansel Elgort) køyrer fluktbilane for byens mest hardkokte forbryterliga. Han er eit naturtalent bak rattet og har eit eige favorittsoundtrack på øyra til kvart kupp. Men når han møter servitrisa Debora (Lily James) oppstår det søt musikk på ein heilt ny måte for Baby. Problemet er at han sit i djup gjeld til sjefen i gjengen, Doc (Kevin Spacey), og han nektar å losne på jerngrepet. Baby bestemmer seg for å vere med på eit siste brekk før han rømmer med Debora, men planen slår katastrofalt feil. Den einaste utvegen Baby har for å redde situasjonen er å gje bånn gass....