05 - P - Bjarne.jpg

Bjarne vil ikke på film

På Kino Førde sundag 13. mai kl. 17.00 og  20.45 - fleire framsyningar etter pinse!

 

Ei perle av ein dokumentarfilm - frå Oldedalen! 

 

I filmen "Bjarne vil ikke på film" møter vi Bjarne Magnar Sunde (70), som bur i Oldedalen. Ideen til filmen kom då journaliststudenten Weronika Kinga Nitsch (36) flytta til Oldedalen og vart nabo med Bjarne. Hovudpersonen sjølv var bestemt på at han på ingen måte skulle filmast, derav tittelen, men Weronika gav seg ikkje. Resultatet har blitt ein 40 minutts dokumentarfilm om to veldig ulike menneske som etterkvart byrja å trivast veldig godt i lag.

 

Weronika spør om liv og død, håp og draumar. Bjarne spør om ho ikkje snart kan halde opp. Men når kvinna bak kamera nektar å gje seg, oppstår eit samspel du sjeldan har sett på film - fullt av absurditetar, varme, alvor og humor. Og stort sett berre ubesvarte spørsmål.

 

– Det var ikkje alltid så enkelt. Men han er blitt ein god ven, og som eit familiemedlem. Han er så ekte, og har stor sjarm. Ein fantastisk personlegdom, seier Weronika.

 

https://www.firda.no/kultur/film/olden/bjarne-ville-ikkje-pa-film-no-har-han-blitt-dokumentarfilm/s/5-15-526426