02 - P - Black Panther.jpg

Black Panther (3D)

I Marvel Studios Black Panther møter vi T'Challa, som etter sin far, Kongen av Wakanda's død, returnerer heim til ein isolert, teknologisk avansert afrikansk nasjon for å overta trona og ta sin rettmessige plass som konge.

Når ein mektig, gammal fiende vender tilbake blir T'Challas evner som konge - og Black Panther - satt på prøve. Han blir drege inn i ein formidabel konflikt som set Wakanda og heile verda si skjebne i fare. Stilt ovanfor forræderi og fare, må den unge kongen samle sine allierte og sleppe Black Panther si fulle kraft fri for å sigre over sine fiendar og besørge sikkerheit og livsstil for folket sitt.