03 - Call me by your name B.jpg

Call Me by Your Name

Årets vakraste filmoppleving

Ein ung gutt som bur saman med familien sin i Nord-Italia, opplever at sterke følelsar vekkast til live når ein kjekk student frå USA leiger eit rom hos dei. I løpet av ein varm, døsig sommar i 1983 full av musikk, mat og romantikk, nærmar dei seg kvarandre og deler opplevingar som vil forandre dei for alltid.

"Call Me by Your Name" har gått sin sigersgang på festivalar verda over, og er ein film det er umulig å ikkje bli berørt av. Den har no segla opp til å bli ein av dei store Oscar-favorittane. Her heime vant den nyleg publikumssprisen under Bergen Filmfestival.