09 - david-gilmour.jpg

David Gilmour - Live at Pompeii

45 år etter David Gilmour og Pink Floyd filma konsertklassikaren Live at Pompeii i det legendariske amfiteateret kjem David Gilmour tilbake for to spektakulære konsertar som er ein del av sin årslange verdsturne for sitt bestselgjande album Rattle That Lock.
Eit publikum på 2600 personar stod akkurat der gladiatorane kjempa i arenaen for 2000 år sidan.

David Gilmour Live at Pompeii er ein audiovisuell oppleving med laser, pyroteknikk og eit sirkelforma lerret der spesialproduserte klipp komplimenterar musikken som vert framførd. Men framfor alt er det fantastisk musikk og engasjement frå musikarane i det stjernespekka bandet ein hugser. Konserten inneheld låtar frå heile karriera til Gilmour, deriblant Pink Floyd klassikaren One of These Days som også vart fremført  under det klassiske showet i 1971.

Gilmour spelar òg den sjeldan framførte  The Great Gig in the Sky frå The Dark Side of the Moon, låtar frå Rattle That Lock og On an Island, samt andre solo- og Pink Floyd-klassikarar som Wish You Were Here og Comfortably Numb.