08 - Den andre siden av håpet.jpg

Den andre siden av håpet

Ein syrisk flyktning og ein finsk handelsreisande, begge på leit etter eit betre liv, i Helsinki sin asfaltjungel. «Den andre siden av håpet» er ein humoristisk film om menneskeskjebner, med melankolske og musikalske undertonar.
I Den andre siden av håpet møter vi to personar på flukt og leiting etter eit betre liv. Utgangspunktet deira er heilt forskjellig. Syraren Khaled (Sherwan Haji) har fått avslag på asylsøknaden sin og har rømt frå asylmottaket. Den middelaldrande skjorteseljaren Wikström (Sakari Kuosmanen) har reist frå den alkoholiserte kona og brukar dei siste pengane sine på å overta den nedslitne restauranten Siste Stopp. Klientellet er like loslite som restauranten….

"Bare en stor kunstner kan skape en film som både er komedie, satire og tragedie på én og samme tid" uttalte Berlinale-juryen da Aki Kaurismäki vant Sølvbjørnen for beste regi i Berlin i år..
Aki Kaurismäki er ein av Europa sine mest kjende filmskaparar. «Som vanlig er med Kaurismäkis filmer er den svarte humoren aldri langt unna. Til tross for det tematiske alvoret er dette mest sannsynlig en av de morsomste filmene du kommer til å se på kino i år.»