Den utrolige historien om den kjempestore pæra

Elefanten Sebastian og venen hans, katten Mitcho, bur i ein hyggjeleg hamneby Solby. Her er alle lukkelege, heilt fram til den dagen då den kjære borgarmeisteren forsvinn.

På ein fisketur oppdagar Mitcho ein flaskepost som viser seg å vere frå borgarmeisteren. Han skriv at han er stranda på ei aude øy. I flaska ligg det òg eit lite frø som Sebastian og Mitcho plantar, og i løpet av natta veks det fram ei kjempestor pære! Pæra vert bygd om til eit skip, og Mitcho og Sebastian seglar ut på eit spanande eventyr med piratar, sjødragar og skrømt. Det krev mykje mot, men ingenting kan stoppe dei to venene som er fast bestemt på å finne den mystiske øya og å hente borgarmeisteren heim att.