Førdefilmen - frå Sjøahola til Sjukehuset

FØRDEFILMEN – «FRÅ SJØAHOLA TIL SJUKEHUSET» - TUFTA PÅ EI SANN SOGE

 

Førde By fyller 20 år i år. Vi syner jubileumsfilmen i Storsalen på Førdehuset måndag 13. november kl 19. Vi fortel Førde si historie på ein humoristisk og underhaldande måte – som ein «dokumentar» i vidaste forstand - ei lødig filmforteljing. 
Filmen om det som gjer Førde til Førde Om Førdehuset, kyrkja og embetsmannsgardane. Om kunsten, Laksen og Torsheimen. Om hotella og handelen. Om Jølstra, jektefarten og dampskipa. Om regionsentret med flyplass under kranene på skipsverftet. Om Bystien, Langebrua og postvegen. Om lyskrysset, sykkelbyen og Sjukehuset med stor S. Om vandrehistoriene som er altfor gode til at vi torer å sjekke fakta. Kort sagt: Om det som gjer Førde til Førde.
Kvifor denne filmen? Førde er prega av tilflytting, gjennomtrekk og folkevekst. Vi vil gi Førdefolk ein humoristisk dokumentasjon på Førde si historie gjennom 400 år. Vi vil styrke identitet og lokalkjensle. Vi vil blankpusse sjela til denne litt rare plassen som vi er så glade i. Førde!
Vi lagar ein film til glede og nytte for stadeigne Førdefolk, for dei mange tilflyttarane og for alle som vitjar Førde i arbeid og fest. Ein spesiell invitasjon går til «våre nye landsmenn» av alle kjønn og generasjonar frå Gaular, Jølster og Naustdal som vil ha stor nytte og evig glede av å kjenne sin by! 
Ein film for heile familien! Ein film for Førdefamilien!

 

Dei som er med: 
Grøn Mann - hovudforteljar: Hans Jakob Reite
Mads - medforteljar: Sigbjørn Hvidsten
Ymse Førdefolk i ymse situasjonar
Filming og filmproduksjon: Espen Nyttingnes i Rakkar Filmproduksjon

Førdefilmen.png
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
må 13 nov 19:00 Førdefilmen - frå Sjøahola til Sjukehuset 100 STORSALEN Film Kjøp billett