06 - P - Hereditary.jpg

Hereditary

Manusforfattar og regissør Ari Aster sin filmdebut slepp laus eit mareritt-aktig syn på samanbrotet i ein familie. Aster gjer ein familietragedie om til noko vondskapsfullt og djupt urovekkjande, og gjev horrorfilmen ein ny dimensjon.
Når Ellen Graham, overhovudet i familien, går bort, byrjar familien til dottera å grave i dei kryptiske og stadig meir skremmande familieløyndomane til mora. Til meir ho oppdagar, til meir ser arven etter henne ut til å vere ein grufull lagnad som familien ikkje kan flykte frå. Verkelegheit og fantasi smeltar saman i ei fryktinngytande historie der familien, og alt dei kjenner, sakte blir rive frå kvarandre.